Om oss

Norheimsund Røde Kors har førebels kun aktivitet innanfor hjelpekorps og er kring 35 aktive medlemmer.

Hjelpekorpset vart stifta 11.02.1942. Korpset hadde sin første bemanna påskestasjon i Mødalen i 1946. I 1953 fekk korpset sine første bærbare radiosett. Påskehelga i 1965 kunne korpset ta i bruk si nye, delvis ferdige, hytte ved “Ungdomsheimen” på Kvamskogen. Denne hytta er fortsatt i bruk som vakthytte.

Hytta er bygd på i fleire vender sidan 1965 og har no to moderne bad, 16 sengeplassar, stove, kjøken, tre garasjar, pantebod, pasientrom, vaktrom, tørkerom og “storsal”. Frå januar til over påske er hytta bemanna kvar helg, samt vinter- og påskeferie.

Hjelpekorpset har aktivitet året rundt. Våre mannskap er trent opp til å handtera hente-, søks- og redningsoppdrag på både vinter- og sumarstid.